Yddal Naturreservat med fjelltoppen Horga

I slutten av august, kom varmen og sommaren tilbake for fullt, med dagar opp mot 30 gradar. Perfekt for overnattingstur i fjellet. Men kanskje i det varmaste laget, når ein har tung oppakning med fotoutstyr, stativ, telt, underlag og sovepose. Men planen var ein tur inn i Yddal Naturreservat. Ein rundtur i området, med overnatting på den høgste toppen, Horga som ligg på 622 moh. Ein topp med vakker utsikt i alle himmel-retningar. Hardanger, Folgefonna, Kvinnherad, Stord, Bjørnafjorden, Fusa, Kvamskogen…..På veg til Horga

Sjølv om dette var i slutten av august, så håpte eg på mykje fugleliv og mange nærfoto av dei. Tok med meg den største fotolinsa, ei Tamron 150 – 600 mm, f/5 og stativ.

Turen starta frå Lygre, her parkerte eg bilen. På med ryggsekk og kamerautstyr. Har med den største foto-ryggsekken, Alfa. Justert den , slik at den sitter godt plassert på ryggen. Stativet er festet på venstre side. Sovepose og underlag er festet på baksida.  Turen gjekk oppover skogsveien og inn mot grensa til Yddal Naturreservat. Lygre er kjent for sin geitost produksjon og her er mange geiter i området. På dagtid går dei i terrenget inn mot Horgavatnet. Om ettermiddagen kjem dei tilbake til ute-fjøsen og blir samla inn og overnattar der, for så å bli mjølka neste morgon. Når grusvegen var slutt, kom ein inn til Stegvatnet og starten på område for Yddal Naturreservatet.  No blir det og følga stien  langs vassdraget innover mot Horgavatnet og den store furuskogsområde langs Lygresåsen. Heile denne vegen er eit vakkert våtmarksområde. Når eg gjekk langs vasskanten til Stegvatnet, ei blanding av myr og siv, oppdaga eg store mengder av augnestikkar – langs heile denne sida av Stegvatnet. Det var arten «Svart høstlibelle», den flaug rundt i sivet og på vatnet. Landa på små grasstrå og planter i vatnet. Det var no midt i paringstida – han og ho insektet hang saman i lenke, medan dei fauk rundt på vassflata og la egg i vatnet. Også ei stor mengde av ein annan art, den lyseblå «Spydblåvannymfe», eller «Coenagrion hastulatum», på latinsk. Den var lett synleg i sin lyseblå farge. Den held seg inne på det tørre området. Totalt var det kanskje fleire hundre av desse to artane langs denne kanten av vatnet. Turen innover mot Horgavatnet tok lang tid i dag. Måtte observere og fotografere den store førekomst av augnestikkar. Dei lever av insekt, så at det her er mange husdyr i område kan ha litt og sei for livsgrunnlaget. Mange av desse øyenstikker artene har gått kraftig tilbake også i Norge. Forurensing av vatn, drenering av myrer, mindre husdyr på beite etc.Øyenstikker

No var eg framme med Horgavatnet, som låg spegelblankt i morgonsola. Den vanskligaste delen av turen låg no framfor meg. Det var oppstigninga frå Horgavatnet og opp på fjellryggen mot Horga. Ein stupbratt fjellrygg som går sør-nord og deler heile naturreservatet i to. Få plasser du kan komme deg opp. Men her, midt på vatnet, går det eit skar oppover mot sør/aust. Vegen opp var ei bratt steinur, opp dette skaret på fleire hundre meter. I tillegg til denne bratte steinura, så var det masse rotvelta tre og trestammer som måtte passerast. Dei låg på kryss og tvers, måtte enten over eller under trestammene. Med stor tung ryggsekk og eit fotostativ, som stadig festa seg i greiner og stubbar, blei dette strevsamt. Det gjekk oppover, men sakte. Også vanskeleg å bedømme lettaste rute oppover, men fann den beste vegen langs venstre sida av skaret. Skaret blir smalare lenger oppe og ein liten bekk kjem no opp i lyse dagen. Må trø varsamt på våte og sleipe steinar. Men til slutt flater det seg ut, og ein stor og frodig dal opnar seg opp. Etter ein halvtimes gonge i litt myr og høgt gras, så stiger terrenget og då er eg oppe på fjellryggen som går opp mot toppen og Horga på 622 moh. No fortsette turen på kanten av ryggen oppover og rett nord. YddalHer endrar furuskogen seg fort til små og ver-skeive tre og avstanden mellom dei blir større og større. Gamle rotne furustubber blir til krokete figurer oppover det nakne fjellet. Samstundes opnar det seg ei vakker utsikt over Hardangerfjorden, Kvinnherad og Stord. Folgefonna ligg som eit kvitt laken langt borte i horisonten, over alle dei høge fjelltoppane i Kvinnherad og sola blenkje seg i den mørkeblå fjorden. Mot vest ligg Yddal og endelause vidde med furuskog og fleire vatn, like ned mot den indre del av Bjørnafjorden. Og midt inne i tjukkaste skogen, er det ein liten lysning, eit einsamt kvitt hus. Det kvite huset i ingenmannsland er ein stor kontrast til all den grøne skogen. Dette huset er den øvste av dei tre gardane i Yddal. Desse gardane ligg samla, med kort avstand mellom husa. Dei ligg som på ei rekke etter kvarandre. Den raskaste vegen opp hit, er med båt over Bosvatnet. Så er det ca 1 km på ein traktorveg opp til gardane.  På desse fjellgardane budde det folk til langt ut på 1950-tallet. Då var det i hovudsak skogen dei livnærte seg av. Yddalselva blei brukt til fløyting av tømmer ned til Bosvatnet . Øvst i elva var det også satt opp ei lita sag og ein demning, som var brukt under tømmerfløyting. Mykje av terrenget rundt Yddal er vanskeleg tilgjengeleg. I desse områda finn ein svært gamal skog, mykje rotvelta og nærmast som ein urskog. Det meste er skogen her er kanskje ein av dei eldste uberørte furu-skogane i område. Men namnet Yddal kjem av det gamle ordet yr, som betyr barlind. Enkelte plasser vil ein ennå finna nokre gamal barlind. Teltplass

Planen er at eg skal gå nedom Yddal på tilbakevegen og så ta den gamle stien ut mot Lygre. For ungane som voks opp i Yddal, var denne vegen deira skuleveg. Dei gjekk på skule i Lygre, og måtte bu der i perioder, då vegen var for lang og strevsam. No i  dette varme og fine veret , kjem det til å bli  ein interessant tur. Men først er det å fortsette oppover mot toppen av Horga, for å finne ein fin teltplass for natta. Kjenner det begynner å ta på kreftene, med 25 kg på ryggen.

Det ligg mange små vatn og dammar, som eg passerer på veg oppover. Det største er Horgatjørna, som ligger nede i ei stor kløft, nesten heilt på toppen. Frå Horgatjørna og opp til Horga er det difor litt bratt stigning. Men før eg gjekk opp på toppen, måtte eg få opp teltet før det blei for mørkt. Varden på HorgaFann ein fin plass i nærleiken av Horgatjørna. Ein dal som går på tvers og fører ned i eit stort skar, som i morgon skal ta meg ned frå fjelltoppen og til eit nytt platået over Yddal. Dette skaret er også eit stort landemerke for fjellet Horga, og ein kan sjå det på lang avstand. Her i denne dalen låg også eit idyllisk lite vatn, no med ei fin utsikt frå teltopninga. Før det blir for mørkt, må eg opp på toppen. Oppe på platået er det eit stort flatt område, der varden til Horga står ca på midten. Rundt omkring ligg det små dammar og myrer. Perfekt utsiktsområde i 360 grader. Sjølv om det var ein svært varm dag, så gav allereie den klåre haustlufta god utsikt austover og innover i Hardanger. Mot vest var det ein raudglødande himmel og ei vakker solnedgang. No kom fotostativet godt til nytte. Her var det rikeleg med motiv å boltre seg med. Når eg klatra ned igjen til teltplassen var det nokså mørkt, og den vesle led-lykta kom no godt med. Etter ei god natt med søvn, ute i det fri, vakna eg tidleg i grålysninga – til klar og frisk fjelluft. Litt kaffe igjen på termosen, men det var dessverre blitt kald. Måtte klare meg uten kaffe denne dagen. No var det ut med fotoapparat og stativ. Fotografering i morgonlys er min favoritt. Måtte finne meg ein fin posisjon før soloppgang. Står ofte med ryggen mot soloppgangen og fangar lyset som oppstår i vest. Dette passa bra no også – i tillegg ei fin spegling og refleks av lys frå vassflat i det vakre vatnet ved teltplassen. Morgon lys

No var det tid for å klatra ned frå Horga og ned mot Yddalsvatnet. Dette er det største vatnet i Naturreservatet. Her oppe har eg god overblikk på alle dei små og store vatna som ligg rundt Yddal. Så var det og komme seg ned dit. Vegen var ei bratt ur som har ein del store steinblokker. Desse må ein passere, men her var ingen tre eller vegetasjon som er til hinder. Ei utfordring var det likevel, med ein tung rykksekk. Det er då litt meir krevjande og halda balansen, frå stein til stein. Tok det forsiktig, så nedstigninga tok lenger tid enn berekna. No måtte eg også bestemme meg for kva veg eg skulle velje tilbake. Den eg tok sist var ned til gardshusa i Yddal, og stien derfrå og til Lygre.Yddal

Men her oppe har eg ei fin oversikt på terrenget. Har bestemt meg for å ta ein kortare veg, eller strake vegen ned mot Horgavatnet. Trur ein skal kunne gå rundt vatnet på vestsida og så komme inn på samen stien som eg starta på frå Lygre. I dag er det enno varmare, rundt 30 grade, og sola står rett på. Drikkeflaska med solbærsaft er tom, men no er eg nede i eit område med mange vassveier og små vatn. Det første område eg kjem til, er eit stort flatt platå. Små og krokete furutre, reint og blankskura fjell og gå på. Flatt, nesten som på eit stovegolv. Vakre små dammar og bekker som roleg sildra sørover og på veg til eit nytt og lågare platå. Det andre platået ligg sirka 100 meter lågare, no følgde eg hjorten sine vegar. Det var få plasser ein kom seg ned, så hjortestien var til god hjelp.

Ei bratt li og dei små bekkane samlar seg til ein liten og vakker foss, som stuper nedover den hundre meter bratte, svarte fjellsida og ender i ein stor kulp lenger nede.

No kom ein ned i den gamle flotte og trolske furuskogen og ein heilt anna vegetasjon. Her var også litt lauvtre langs elvefaret. Eg følgde bekken vidare nedover til eg kom på eit nytt stort opent område – her var det heilt flatt, masse berg og små myrer. Så dukka det opp vakre små vatn, med mange vikar og nes. Mellom desse vatna var det fleire vann-vegar, nærmast som kanalar. Desse gjekk nedover og enda opp i Yddalselva, lenger nede i dalen. No høyrde eg også brusen av den elva og nokre små fossar som viste seg fram mellom skogen der nede. Namna på desse to vatna er Træstjørna og Dyrdaltjørna. Her tok eg ein lang kvil og åt opp resten av nista. No var det og følgje ein liten dal sørover og håpe at vegen ned mot Horgavatnet er framkomeleg.  Og det var eit greitt vegalternativ, som i tillegg var ein god del kortare enn den planlagde ruta om gardshusa på Yddal. No gjekk det raskt nedover, langs ei lita elv og ei bratt fin sørvendt lid, ned mot vatnet. Ved vatnet var det ein stor flat sandbanke eller øyr, der elva hadde grave seg veg gjennom sanden.

Hadde observert svært lite fugl på heile turen. Oppe på fjellet såg eg ei ørn som for høgt oppe i sirkel. Seinare såg eg anna større fugl, som kanskje var ein fjellvåk. Den sto roleg i lufta i fleire minuttar, før den forsvann nedover og kanskje mot eit bytte. Begge desse fuglane var på lang avstand og vanskeleg å vurdera heilt sikker på kva fugl det var. Trudde kanskje at her nede ved vatnet og sandbanken, skulle vera mykje meir og observera. Men det var uvanleg stille og heller ingen fuglesong. Kanskje det var for varmt og kanskje mange allereie hadde begynt på turen sørover, eller ned i lavlandet.

Resten av turen rundt vatnet gjekk fint. Kunne gå heilt nede i vasskanten og i enden av vatnet kom eg så inn på stien ned til Lygre. Kl 16:00 var eg tilbake til bilen, passe sliten og trøtt, delvis av varmen og delvis av den tunge bagasjen. Var fint og få sekken av ryggen og sette seg inn i ein kokvarm bil!

Turen var fin, men overraska av at det var så lite fuglesang og fugleliv inne i Naturreservatet.

Erling Berge

Erling Berge, foto innen dyreliv, natur og landskap. Photography of nature, landscape, macro and birds

Leave a Reply

Close Menu
Translate »