Svaner

Svanepar med to unger
Knoppsvaner

I denne artikkelen har eg observert eit svanepar over ein periode på 5 – 6 veke. Det starta i begynnelsen av mai.Då såg eg eit svanepar ofte var nede på eit lite vatn (brakkvatn) – og det såg som dei hadde slått seg til ro der i lengre tid. Som eg tenkte, tok det ikkje lang tid før dei starta med reirbygging. Ein stor konstruksjon i vannkanten, bygd opp av siv. Dei drog opp lange siv og la dei lag for lag og bygde ei lita øy i vannkanten. Reiret låg fint, inntil høgt siv, men syntest godt. Samtidig med bygging, hadde hannen det travelt med og vokte sitt territoriet. Her var det sortering av arter. Mens grågåsa blei aggressivt jaga vekk, fekk ender lov og symja omkring reirpassen. Hegre fekk også lov og besøke området uten reaksjon fra hannen. Kanskje det også var eit gjensidig samarbeid her? For meg såg det ut som svanene har heller dårleg egenskap for å observerer andre fiender. Ja, du kan bevege deg nokså nærme – uten at du synleg bli oppdaga. Mens ender og hegre er ekstremt vare, og reagerer på den minste bevegelse. Slik kunne dei alarmere svanene, som då holdt bedre utkikk og var på vakt mot farer. Såg ofte at fleire Stokkender låg heilt inntil reiret. Om dei også hadde reir inne i sivet, var eg usikker på. Men såg ingen andunger.

Ruger på to egg
Reir med to egg

Rett etter 17. mai, la hoa egg, og blei liggende meir eller mindre konstant på reiret for og ruge. På dagtid holdt hannen seg i god avstand frå reiret. Han trakk seg ofte opp i graset og fann seg mat. Dette var før slåtten, og graset var blitt svært høgt. Du såg kunn hovudet og litt av halsen til den store fuglen, der han gjekk i graset. På kvelden trakk han tilbake til hua og reirplassen. Dette var eit mønster som varte under heile hekketida. Svanen høyrer til andefamilien og er dei største av fuglane i denne arten. Kan vege over 10 kg, Hannen er som regel litt større enn ho-fuglen. Det er to typer svaner, knoppsvane og sangsvane. Dette paret var knoppsvane og dei er mest tallrik i Sør-Norge. Hannen har større kul(knopp) på oversiden av nebbet, enn hunn-fuglen. Det er vel den mest markante forskjellen å sjå.
Usikker på alderen på desse to, såg dei var registrert 22R – men det blei tre egg i reiret. Normalt legg dei 3- 8 egg. Av og til reiste svanemor seg opp og drog meir siv rundt kanten av reiret. Også når ho låg på reiret, drog ho til seg siv og la heilt inntil kroppen. Eit par gonger såg eg at ho-fuglen var ute og fann seg mat. Då var det hannen som passa reiret og egga. Men såg ikkje at han låg på egga. Mens ho-fuglen låg konstant dag ut og dag inn. Det tar lang tid før klekking. 4 – 5 veke.

Som sagt, så hadde dei ofte besøk av ender. Same familie – så kanskje ikkje så rart at dei nesten kom heilt opp i reiret, uten reaksjon frå svana. Men kom det ei grågås, var hannen i full krig med ein gong. På vingene og jaga vekk inntrenger.

6. juni skjedde det. To nye svaner kom ut av egga. Det tredje egget såg eg ikkje noko meir til. Kanskje tatt av fugl eller rovdyr ?
Men dei to nyfødde såg ut til å vera i god form. Det tok ikkje lang tid før dei var ute og tok sine første symjetak. Dei første turane var korte. Når dei kom opp i reiret igjen, la dei seg under vingene til mora. Men så blei det lengre og lengre turar. Dei tok ibruk heile vatnet. Og no fann dei seg mat av strå langs vannkanten. Oppholdet i reiret blei kortare og kortare. Etter seks dagar forlot dei reiret og vatnet, og tok turen ut i sjøen. Har ikkje oppservert dei i vatnet etter at dei drog.

Ei mor med sine to svanunger på reirplassen

Erling Berge

Erling Berge, foto innen dyreliv, natur og landskap. Photography of nature, landscape, macro and birds

Leave a Reply

Close Menu
Translate »